09 Jun. 2011
Vi kan vi anbefale hotellet til andre. Vi budde i eit trippelrom i 4 dagar og hadde det fint. Passe stort rom og det var alltid reingjort når vi kom tilbake. Hotellet ligg litt utanfor sentrum, men det gjorde ingenting. Metrostopp var like rundt hjørnet og det var ikkje problem å finne fram. Døgnkort på metroen var billig. Dessutan var det veldig billig å bo der, og det gjorde at vi kunne bruke pengar på andre ting. Dei som jobba i resepsjonen var flinke med engelsk og veldig behjelplege med å forklare ting for oss. Frukosten hadde vi først ikkje bestillt, men det blei til at vi åt der kvar dag. Ein god buffet. Middag kvelden var også god. Det var berre 10 min å gå til Arena shoppingsenter! Vi kan gjerne anbefale hotellet til andre!
Source: Hotels.com